NRK Meny
Normal

To kvinner vart redda ned frå Storen i natt

To kvinner i 40-åra sit fast på ei fjellhylle like under toppen av fjellet Store Skagastølstind. Ei alpin redningsgruppe har no kome seg opp på toppen.

Skagastølstindane sett frå Turtagrø

SIT FAST: To personar sit fast litt nedanfor toppen av fjellet som måler 2405 moh.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Klatregruppa er framme og held på å hjelpe kvinnene. Dei får på seg selar og blir hjelpte til trygg grunn, seier Bjørn Magnussen som er vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK klokka 23:15.

Etter dei opplysningane han har, skal ikkje dei to kvinnene vere skadde. Det er ikkje trygt å fly, difor må kvinnene og redningsgruppa gå ned att.

– Det ser heldigvis ut til å gå bra. Men det ventar ein lang og slitsam tur ned og heile natta går nok med. Om dei då ikkje overnattar på ei hytte, seier han.

Bratt og tåkete

Det var klokka 19:16 at politiet fekk melding om to klatrarar som stod fast like under toppen av Storen.

Ein luftambulanse frå Dombås blei sendt og lokaliserte klatrarane, men grunna vêret måtte dei vente på klatregruppa som skulle ta seg opp til fots.

Vi har ressursar på veg, men dette tek tid. Dei naturlege forholda gjer dette komplisert. Det er høgt oppe, bratt og tåkete, sa Magnussen til NRK tidlegare i kveld.

Kvinnene skal vere godt kledde og utstyrte, og dei er begge fjellvande. Dei skal ha klatra feil på veg nedover frå fjellet.

– Dei skal begge vere ved godt mot, ifølgje HRS.

Tredje høgste fjellet

Store Skagastølstind, også kalla Storen, er med sine 2405 meter det tredje høgste fjellet i Noreg, og ligg sørvest i Jotunheimen. For å nå toppen må ein klatre. Fjellet ligg på grensa mellom Årdal og Luster.

Klokka 22:30 fortalde redningsleiaren ved HRS at den alpine redningsgruppa frå Nord-Gudbrandsdalen var på veg opp. Det var ei stund usikkert om dei ville klare å komme opp før mørket kom.

Klokka 23:15 melder altså HRS at kvinnene får hjelp. Ambulansehelikopteret har returnert, medan Sea King-en frå Florø førebels står i Sogndal.

– Om det ikkje er personskadar, blir den sendt tilbake til Florø.

Laster kart, vennligst vent...
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser