Hopp til innhold

To kvinner kjempar om toppverv i Ap

Hilmar Høl frå Årdal er innstilt til å halde fram som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, men nominasjonsnemnda greidde ikkje å einast om andreplassen.

Siri Sandvik og Kristin Maurstad

DELT INNSTILLING: No skal fylkesårsmøtet i Ap avgjere om det blir Siri Sandvik eller Kristin Maurstad som blir nestleiar.

Foto: Montasje/NRK

Nestleiarvervet står mellom Kristin Maurstad frå Vågsøy og Siri Sandvik frå Eid.

Begge sit i fylkesstyret i dag. Maurstad er studeleiar, medan Sandvik er kvinnepolitisk leiar.

Solveig Willis er i dag nestleiar.

– Vi har ei delt innstilling. Fleirtalet går for Kristin Maurstad. Ho er ein erfaren politikar, er i dag ordførar og har hatt sentrale verv. Mindretalet går for Siri Sandvik som også er ein erfaren politikar, seier Clara Øberg som er leiar for nominasjonsnemnda.

Øberg seier at dette ikkje er ein grei situasjon for valnemnda.

– Vi har berre ein nestleiar i partiet, og ei av dei vil tape. Dette er to flinke damer, og eg skulle ønske at vi ikkje var i denne situasjonen. No blir det årsmøtet som bestemmer kven som får vervet.

Øberg meiner Hilmar Høl som er innstilt til leiarvervet, blir viktig for partiet framover.

Hilmar Høl

VIL HALDE FRAM: Hilmar Høl er innstilt til å halde fram som leiar.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Vi er glade for at han vil stille igjen som leiar. Han er motivert, har stor erfaring og Arbeidarpartiet treng Hilmar Høl på topp når vi skal gå i samarbeid med Ap i Hordaland. Eg veit at Høl gler seg til å ta tak i jobben.

– Vi treng alle dyktige politikarar i den fasen vi går inn i no, seier ho.

Helge Robert Midtbø frå Førde er innstilt som studieleiar. Årsmøtet til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane blir arrangert i Førde til helga.