Hopp til innhold

To bilar kolliderte på Strynefjellet

Riksveg 15 Strynefjellet var i ettermiddag stengd i rundt ein time, etter at to bilar kolliderte ved Grasdaltunnelen.

Grasdaltunnelen

– Det var to bilar i same fartsretning som kolliderte. Den fremste reduserte farten på grunn av møtande trafikk inne i tunnelen, og det var slik ulukka skjedde, seier operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Drange til NRK.

Tunnelen vart opna klokka 17.41, etter å ha vore stengd sidan politiet fekk meldinga om uhellet klokka 16.49. Både ambulanse og politi rykte ut.

Det er førebels uklart om nokon har kome til skade i uhellet, men NRK får opplyst av politiet at dei første meldingane går ut på at det ikkje skal vere alvorlege personskadar.

– Det framstår som ikkje alvorleg, men vi har ikkje fått tilbakemelding frå helsepersonellet enno, seier Drange.

Begge bilane er no ute av tunnelen, og bilberging kjem frå Stryn. Drange opplyser at føraren av bilen som køyrde i den andre kan vente seg reaksjonar.

– Når det er snak om påkøyrsel bakfrå blir det oppretta sak, seier operasjonsleiaren.