Hopp til innhold

To innbrot i Nordfjord i natt

Politiet etterforskar no to innbrot i Nordfjord. Begge har skjedd i løpet av natta.

To innbrot i Nordfjord

Ved Joker-butikken på Flatraket i Selje er det fjerna ei rute i ein port inn til lageret. Det er stole pengar og sigarettar.

– Det er teke eit mindre beløp. Det er enno litt uklart kva som faktisk er tatt, og vi skal få tilbakemelding frå butikken, seier politibetjent Eline Oma ved Vågsøy lensmannskontor.

Det er førebels ukjent kven som står bak innbrotet. Joker Flatraket måtte halde stengt ein time medan politiet gjorde undersøkingar.

– Dette er ekkelt. Eg er litt mållaus. Det bur folk i huset, men dei har ikkje høyrt noko, seier butikksjef Gunn Helen Wik Ødegard.

I løpet av natta har det også vore innbrot hos Nordfjord bilsenter på Nordfjordeid. Politiførstebetjent Lisbeth Engesæter ved Eid lensmannskontor seier at ei dør er broten opp.

– Kasseapparatet er også brote opp, men det var tomt, så dei har ikkje fått med seg pengar. Elles er det førebels uvisst om noko anna er stole, seier ho.

Om nokon har tips i saka, kan dei ringje politiet på 02800.

– Ta gjerne kontakt om du har sett personar eller bilar i området.

Politiet veit førebels ikkje om det er samanheng mellom innbrota.