Hopp til innhold

To igjen i kampen om kong Olav

Statuen av kong Olav hamnar anten i Gulen eller Austevoll.

Knut Steens statue av kong Olav
Foto: Oslo kommune

Den gamle gjestgjevarstaden Skjerjehamn i Gulen i Sogn og Marstein fyr i Austevoll utanfor Bergen står no att som dei einaste alternativa for nasjonalmonumentet som Oslo ikkje ville ha.

Kjem på besøk i mars

Det er Bergens Tidende som i dag skriv at kunstnar Knut Steen og dottera Hege berre vil besøke to stader før dei  bestemmer seg for kvar statuen skal stå. Besøket kjem i første halvdel av mars. Kort tid etterpå vil dei bestemme seg for kvar staten av kong Olav skal stå.

Det er bladet "Kommunal Rapport" som har teke på seg å hjelpe kunstnaren med å finne eigna plassering til statuen. Her opplyser journalist Tone Holmquist at dei står att med to alternativ, men ho vil ikkje seie kvar.

Vil lage kunstsentrum

Men ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad, stadfestar at han har fått beskjed om Steen vil kome på besøk til Marstein og Skjerjehamn. Eigaren av den gamle gjestgjevarstaden i Gulen, fiskeoppdrettar Ola Braanaas, er glad for meldinga. Sjølv har han ikkje fått beskjed om besøket.

- Det er viktig for oss å få statuen til Skjerjehamn. Både fordi det er ein flott statue og seglingsmerke, men også fordi den vil bidra til å utvikle Skjerjehamn til å gje staden eit kunstnarleg innhald, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

- Marstein er eit sterkt symbol

Njåstad på si side meiner Austevoll er rette staden:

- Kong Olav var seglarkongen, og han hadd ei veldig sterk stilling på kysten. Det finst vel knapt nokon stad langs vestlandskysten som er så symboltung som Marsteini fyr, seier han til BT.

Besøkte Italia

Han har arbeidd hardt for å få den to millionar kroner dyre statuen til Gulen. Braanaas satsar på turisime, men vil også gjere staden til eit kunst- og kultursentrum. Braanaas var sjølv i Italia for to veker sidan der han besøkte kunstnaren.

Stor interesse

Etter at Oslo sa nei til statuen av kong Olav, har rundt 30 personar, enkeltstader eller kommunar meldt si interesse. I Sogn og Fjordane var Måløy ei tid med i kampen, men her fann kommunen ut at statuen ikkje passa inn i landskapet.