I tillegg til at den internasjonale folkemusikkfestivalen blir arrangert for fjortande gong, er Førde i år arena for den europeiske kringkastingsunionen EBU sin festival for folkemusikk.
Gustavo Gancedo Tango Septeto. Foto Jostein Nyfløtt ® NRK
Det gjer at 18 radiostasjonar over heile Europa sender utvalde musikarar til Førde.
Mangfald
Festivalen har vore kritisert for å vera redd for å sleppe til moderne folkemusikkuttrykk. Med koplinga til EBU-festivalen er i alle fall breidda i musikkuttrykk sikra i år. I går kunne t.d. publikum få med seg eit møte med latviske Risa Zvejnieki som skapte eit stemningsfullt lydbilete av folkesongar sterk farga påverknad frå jazz.
Senge frå Madagaskar. Foto Jostein Nyfløtt © NRK
For publikum smeltar desse to festivalane saman i eitt. Og det er nokre av gruppene frå utanom Europa som har fått mest merksemd. Mellom anna Senge frå Madagaskar. Fire gullrøyster som skapar klangar og rytmar som riv alle med. Og Gustavo Gancedo Tango Septeto som fjetrar alle både med eit massivt tangoorkester og imponerande dans.
26 land
Den internasjonale folkemusikkfestivalen samlar i år utøvarar frå 26 land og fire kontinent. 240 musikarar er med, og festivalen blir avslutta sundag ettermiddag.