NRK Meny
Normal

To dømde og to frifunne i utuktssak

Fjordane Tingrett har frikjent to av fire tiltalte i overgrepssaka på Nordfjordeid i fjor sommar. Dei to andre er dømde til høvesvis seks månader fengsel og 88 timar samfunnsstraff.

Det var i samband med Malakoffestivalen i Eid i juli i fjor at ei 15 år gamal jente forklarte til politiet at ho var blitt valdteken av mennene. Mennene vart sikta for seksuell omgang med mindreårig.

Utukta skal ha skjedd fleire stader i Nordfjordeid sentrum, men at ingen av hendingane skjedde inne på området for Malakoff Rockfestival.

Fredag vart det avsagt dom for alle fire i saka. Der vart to av dei fire frikjende, og retten meiner dei to frikjende ikkje visste at jenta berre var 15 år. Jenta oppførte seg også på ein måte som gjorde at ein kunne oppfatte ho som eldre enn det ho faktisk var.

Fengsel og samfunnsstraff

Når det gjeld dei to andre tiltalte i saka har retten kome fram til at dei var klare over kor gamal jenta faktisk var.

Dei to mennene, som var saman om overgrepa, er dømde til høvesvis seks månader fengsel og 88 timar samfunnsstraff.

Dei to må også betale jenta til saman 75 000 kroner i erstatning.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.