Hopp til innhold

To bronse i handikap-OL

To dagar på tok Marcus Haus frå Eid bronsemedalje under Special Olympics World Summer Games i Athen.

Marcus Haus

EDELT METALL: Marcus Haus tek med seg to bronsemedaljar heim frå handikap-OL i Aten denne veka.

Foto: Hildegunn Helleset

15-åringen frå Eid har drive med symjing i nesten ni år, men kom først i haust i kontakt med symjeforbundet. No under eit år seinare er det unge symjetalentet med på sitt første OL.

Og Haus kjem ikkje heim tomhendt. På måndag sumde han inn til bronse på 100 meter rygg, og tysdag slo han til igjen. Då vart det bronse på 100 meter fri.

- Eg har trena hardt og det er veldig kjekt å få att for strevet, seier Haus til NRK.no.

Laurdag skal han konkurrere i 200 meter bryst.