Brannvesenet i Årdal rykte kl 15.13 torsdag ut til eit husvære på Årdalstangen. Det hadde teke fyr i vedkubbar som låg ved sida av ein vedomn. Det vart sterk røykutvikling, men brannvesenet kom raskt til og fekk avgrensa skadane.
Teknisk feil
Ein teknisk feil i brannvarslingsanlegget førde til brannutrykking til ein driftsbygning i Sundsdalen i Førde litt før klokka 16 torsdag ettermiddag. Då brannvesenet kom fram, kunne dei slå fast at det ikkje var teke fyr nokon stad.