Likevel meiner trafikksjef i Nordfjord og Sunnmøre Billag, Olav Daarflot dette er tilfeldig. Han meiner dette ville skjedd oftare dersom Volvo-bussane hadde hatt alvorlege manglar.
Bussen som brann i fjor vart totalskadd.
18 august i fjor brann volvoen frå Nordfjord og Sunnmøre Billag opp på få minuttar. Det skjedde ved Berge i Fjærland, like før Frudalstunnelen. Laurdag opplevde Sogn Billag det same, også det med ein buss av typen Volvo. Begge bussane var ni år gamle, men trafikksjef i Nordfjord og Sunnmøre Billag trur ikkje det er nokon samanheng mellom dei to tilfella.
To forskjellige modellar
- Det var Volvo begge to, men dei er veldig ulike. - Den som brann i helga var ein Volvo BTM med underliggande motor, medan den som brann i fjor var ein Volvo BTB med hekkmotor. Dei er bygd opp på forskjellig måte, seier han.
Både Sogn Billag og Nordfjord og Sunnmøre Billag har svært mange bussar av typen Volvo. Likevel er det lite sannsynleg at dei no vil granske om det kan vere manglar på desse bussane. Viss det hadde vore det, så hadde dette skjedd mykje oftare enn det det har gjort, seier trafikksjefen.