Hopp til innhold

To bom, men suverent NM-gull

Nordfjordjenta Sigrid Flo Bødal tok eit relativt suverent NM-gull på fellesstarten på rulleski i klassen for jenter 19. Flo Bødal skaut prikkfritt på dei tre første skytingane, og sjølv med to bom på siste skyting gjekk ho i mål eit halvt minutt før sølvvinnaren. Flo Bødal representerer Stårheim IL og NTG-L.