NRK Meny
Normal

Slik gjekk det når lensmannen og drengen stilte på same lag!

Lovas lange arm smashar godt framleis! Førde-lensmann Jan Egil Tvinde og sonen Lars Fredrik hamna like godt på sigerspallen under Norges Touren i sandvolleyball i helga.

Lars Fredrik og Jan Egil Tvinde.

IMPONERTE: Jan Egil Tvinde (t.h.) og sonen Lars Fredrik Tvinde vart i helga nummer to i NT-turneringa i Fredrikstad. – Kroppen overlevde det, så det var ganske kjekt, humrar Jan Egil Tvinde over den særs overraskande andreplassen.

Foto: Privat

– Det er jo kult. Det er ikkje mange som klarer å stille eitt så bra far og son-lag, seier sandvolleyballspelar Lars Fredrik Tvinde (22).

Far og son som makkerar er ikkje det mest vanlege ein finn i ei sandvolleyballturnering. Endå sjeldnare er det å finne dei på pallen.

Søndag var det akkurat der Lars Fredrik Tvinde (22) og pappa, trenar og for høve makker, Jan Egil Tvinde (45), hamna under Norges Tour-turneringa i Fredrikstad. Det overraska senior, som til vanleg er regionlensmann i Sunnfjord.

– Eg sa vel at det kunne gå bra med ein god sandvolleyballspelar og ein litt meir kjegleliknande kar som ikkje gjer for mange feil, humrar Tvinde senior.

God plassering

Litt feil vart det, men laget kjempa seg likevel fram til semifinale og finale under turneringa i plankebyen. I eit jamspelt oppgjer stogga sigersrekkja med 1–2 for Jan Erik Moen (23) og Henning Kjemperud Olsen (24).

I førre veke vart Tvinde/Tvinde nummer fem i Kristiansand.

Lars Fredrik Tvinde og Henrik Mol

VM-SØLV: To blad Tvinde (t.h.) og Henrik Mol jubla i midten av juni over VM-sølv i Polen.

Foto: Privat

– Når vi no smatt oss til finalen i Fredrikstad, så må vi seie det er godkjent, seier Tvinde junior og legg til:

– Treningsgrunnlaget deira kontra pappa sitt er som natt og dag. Det hadde vore ein sinnssjuk skalp om vi hadde slått dei.

Utfordringar

Medan Tvinde junior nett har sikra seg proffkontrakt i Kypros, må ein gå nokre år attende til tida der Tvinde senior var aktiv på toppnivå. 45-åringen har både cup- og seriemeisterskap med Førde, og ein må attende til 90-talet for å finne sist han var på pallen i ei sandvolleyballturnering.

Siste åra har Tvinde senior vore del av trenarteamet i Førde, med hovudansvar for damelaget. Han har også følgd opp sonen sine prestasjonar i sandvolleyball som trenar.

– Han klarer seg meir enn godt nok, men du får jo ikkje alltid dei beste situasjonane når han skal fram med baggerarmane sine. Ballen går ikkje alltid der den skal, humrar yngstemann junior.

Junior yter tilbake

– Han fekk trene på mange vanskelege situasjonar, ler pappa Tvinde og vedgår at sjølv om han kjenner seg klokare som volleyballspelar, så tærer sju kampar på to dagar på ein «vaksen kropp».

– Då er det ikkje alltid at hovudet heng raskt nok med. Det blir gjerne nokre juniorfeil, men eg tykkjer vi klarte å spele kontrollert og gjorde lite feil. Dessutan blir eg sett opp i gode situasjonar, fordi Lars Fredrik legg godt heile tida, held han fram.

Har forbetringspotensial

– Men han har stilt opp så mange timar, så då tykkjer eg det er kult om eg kan stille nokre timar å spele volleyball med han, seier Tvinde junior og vedgår at senior har forbetringspotensial.

– Vi vant jo ikkje, så han har jo det, ler han.

– Ja, det var ikkje hans feil at vi ikkje vann turneringa, svarar senior Tvinde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.