Hopp til innhold

To bilar tatt for ulovleg transport

To lastebilar frå det same selskapet vart tysdag kveld stogga for ulovleg transport i Norge. Begge sjåførane og firmaet er no politimelde.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA: Vogntoget var stogga på Vegvesenet sin kontrollstasjon i Lærdal tysdag kveld.

Foto: Statens vegvesen

Det var under ein rutinekontroll på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar på E16 i Lærdal og Voss at inspektørane oppdaga to vogntog som ikkje hadde papira i orden.

Det er strenge reglar for korleis utanlandske transportselskap kan drive transport innanlands i Norge. I begge kontrollane oppdaga Vegvesenet brot på regelverket.

– Dette er snakk om grove regelbrot, seier avdelingsingeniør Dag Rykkje i Statens vegvesen, region Vest.

Har politimeldt 11 så langt i år

Etter at Statens vegvesen på Voss i førre veke stogga to utanlandske vogntog som køyrde ulovleg i Norge på oppdrag av statseigde Bring har det blitt sett ekstra fokus på såkalla kabotasjekøyring.

Desse reglane skal regulere korleis utanlandske transportselskap kan drive transport i Norge. Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet.

Med dei to politimeldingane på Voss førre veke var Vegvesenet kome opp i ni politimeldingar av ulovleg transport. I går kveld vart det ytterlegare to til.

Har lov å køyre tre turar – har køyrd ni

Den eine bilen vart stogga av inspektør Jan Ove Bjørgum på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal. Etter å ha sett på fraktpapira ante Bjørgum ugler i mosen, og etter ein nærare sjekk synte det seg at sjåføren hadde drive med omfattande ulovleg innanlandstransport.

– Sjåføren og bilen har vore i landet sidan 9. desember, og i løpet av denne perioden har han køyrt ni turar, seier Bjørgum.

Det vil seie at bilen har vore inne i landet nesten ei veke lenger enn han har lov til, og han har køyrt tre gonger så mange turar som han har høve til.

– Dette er eit grovt lovbrot, vedgår Bjørgum.

Vanskeleg å kontrollere

Både Vegvesenet og Vegdirektoratet har tidlegare vedgått at reglane for utanlandsk transport er vanskelege å kontrollere. Men strengare reglar i forhold til kva dokument sjåførane må vise fram skal ha gjort dette enklare sidan i sommar.

Sjåføren som vart stogga i Lærdal skal ikkje ha hatt med seg alle dei nødvendige papira. Men Bjørgum prata med sjåføren og skal også ha fått sett ei køyrebok der sjåføren har loggført kvar han har køyrt. Ved hjelp av dette kunne Bjørgum avsløre den ulovlege transporten.

Bilen var lasta med fersk fisk. Denne står no på kontrollstasjonen i Lærdal og ventar på ny transport til Oslo.

Har prøvd å tilpasse seg norske vegar

Same kvelden hadde Vegvesenet også kontroll på Voss. Her vart ein bil frå same selskapet stogga, og det viste seg at den hadde køyrt seks turar og vore i Norge i over tre veker.

Dei to vogntoga køyrer begge rundt med logoen til det litauiske transportselskapet Girteka, men Vegvesenet presiserer at det ikkje er Girteka som er eigar.

Både sjåførane og firmaet er no politimelde.

Dag Rykkje i Vegvesenet på Voss fortel at transportselskapet som no er tatt har prøvd å tilpasse seg norske vintervegar. Medan enkelte køyrety fraktar godset over grensa, hentar bilar som er tilpassa vinterføre godset i Oslo, for så å køyre det vidare ut til mottakar.

– Dette er noko dei gjer bevisst, seier Rykkje.

Seinast sist veke var same firmaet i søkjelyset då to bilar frå selskapet køyrde i grøfta då dei skulle frakte klementinar til Trøndelag.

Usikkert om sjåførane veit kva dei gjer

Kor vidt sjåførane veit at dei bryt lova kan ikkje Rykkje seie noko sikkert om.

– Eg trur ikkje alltid sjåførane veit det, men i fleire tilfelle ser vi at dei bevisst prøver å lure unna dokument for å pynte på sanninga, seier Rykkje til NRK.no.

Ifølgje tungt.no er det tredje gong at selskapet blir stogga for ulovleg transport i Norge. I mai i fjor fekk ein bil frå same firma 20 000 kroner i bot.