NRK Meny
Normal

To bilar kolliderte på E16

Ingen av dei to førarane skal ha vorte alvorleg skadde då to bilar kolliderte på E16 om lag ein kilometer frå avkøyringa til Borgund stavkyrkje i ettermiddag.

Kolliderte ved Borgund

I VEGEN: Det eine køyretøyet vart ståande i vegen etter kollisjonen.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi har fått melding om at to personbilar har kollidert. Det var ein person i kvar bil. Førebels har vi ikkje fått melding om alvorleg skadde, seier politiførstebetjent ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kai Myklebust.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.40, og ulykka skjedde på ein rett strekning.

Er tett snødrev på staden

Vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Arne Stadheim, stadfestar at det har skjedd ei ulykke. Men vegen er ikkje stengd på staden.

– Brannvesenet tok seg av dirigeringa i byrjinga før politiet kom til, seier Stadheim.

Det er tett snødrev og nullføre på staden. Den eine bilen stogga i vegbana etter smellen, medan den andre hamna i grøfta like ved.

Køyretøya fekk store skader i samanstøyten, men dei to førarane kom altså frå det med helsa i behald.

Årsaka til hendinga vert undersøkt av politiet.

Hamna utanfor vegen

UTANFOR VEGEN: Denne bilen hamna eit stykke utanfor vegen etter ulykka.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.