Hopp til innhold

To bilar i trafikkulukke

To bilar var i ettermiddag involverte i eit trafikkulukke på fylkesveg 55 ved Havella mellom Luster og Skjolden. Ein person vart sendt til lege på grunn av smerter etter bilbeltet, men det skal ikkje vere alvorlege skadar. To personar vart involverte. Vegen var delvis stengt frå ulukka skjedde kring klokka 16.17, men er no rydda og open for fri ferdsel.