NRK Meny
Normal

To bilar har kollidert på riksveg 15

To bilar har kollidert på riksveg 15 i Markane i Stryn. Det var tre personar i dei to bilane og ein person er lettare skadd.

Front mot front - rv 15 stryn, kollisjon

LETTARE SKADD: Ein person er lettare skadd etter ulukka i Markane.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

– To personbilar har kollidert front mot front. Det var tre personar i dei to bilane og ein person har blitt lettare skadd. To er uskadde, seier operasjonsleiaren på politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at alle naudetatane er framme på staden og at brannvesenet dirigerer trafikken forbi ulukkesstaden.

Til Firda seier politiet at det er glatt på ulukkesstaden.

Front mot front - rv 15 stryn, kollisjon
Foto: Bengt Flaten / Fjordingen