Hopp til innhold

To bilar har kollidert på E39 i Førde

Begge førarane er frakta med ambulanse til Førde sjukehus.

Krasj, Bruland.

PÅ VEG VEKK: Begge dei involverte bilane hadde synlege skadar, og vert no fjerna frå staden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Politiet blei varsla om møteulukka på E39 på Bruland i Førde klokka 11.54.

– Vi veit førebels ikkje noko om skadeomfanget. Naudetatane er på staden, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt.

Ifølgje politiet var det to personar involvert i ulukka, men årsaka til ulukka er ikkje kjend.

Bilbergar har vore på staden og frakta bilane vekk.

Klokka 12.30 er vegen open for fri ferdsel.

ulukke e39

STENGD VEG: Ulukka skjedde på E39 på Bruland i Førde. Klokka 12.20 er det lange køar på staden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu
Bruland