Hopp til innhold

Åtte personar til legesjekk etter trafikkulukke på E39

Åtte personar vart sendt til lege etter ein kollisjon mellom to personbilar på E39 ved Movika utanfor Førde.

Kollisjon E39 Movika, Førde

KOLLISJON: To bilar med totalt åtte personar i kolliderte i svingen på E39 ved Movika utanfor Førde. Ingen av bilane på biletet var involverte i ulukka.

Foto: Løset / Oddleif

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 19.00 onsdag kveld. Mellom anna eit barn vart køyrt til legesjekk etter kollisjonen i Førde.

Trafikkulukke i Movika

I GRØFTA: Bilen på veg sørover hamna i grøfta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

AMK opplyser klokka 22 at sju av dei involverte vart dimittert etter legesjekk, medan sistemann fekk poliklinisk behandling før han fekk reise heim.

– Det var fem personar i den eine bilen og tre i den andre, seier politibetjent Øyvind Olsen til NRK sin reporter på staden.

Bilen som var på veg nordover stod etter samanstøyten framleis i vegbana. Den møtande bilen hamna i grøfta.

– Årsaka til ulukka er at ein av bilane kom over i motsett køyrefelt og trefte møtande bil, skriv politiet i loggen sin.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tre personar er sendt til legesjekk etter samanstøyten ved Movika i Førde.

SJÅ VIDEO: Politibetjent Øyvind Olsen fortel at åtte personar var involverte i ulukka.(FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK).

Vegen var ein periode stengd og det danna seg raskt lange køar på begge sider.

Klokka 1938 opplyste politiet at vegen var opna att i begge retningar.