Hopp til innhold

To bilar kolliderte på denne fjellovergangen

To bilar kolliderte i ettermiddag på RV 52, Hemsedalsfjellet.

Ulykke Hemsedalsfjellet

KOLLISJON: Ingen skal ha blitt alvorleg skada då to bilar kolliderte på RV 52 over Hemsedalsfjellet.

Foto: Jan Christian Gjerving

– Vi har fått melding om eit trafikkuhell på Hemsedalsfjellet, opplyser Olaug Holme ved operasjonssentralen til politiet.

Trafikkuhell på Hemsedalsfjellet

TRAFIKKUHELL: Bilane var ikkje køyrbare etter uhellet, men det skal ikkje vere personskade.

Foto: Jan Christian Gjerving

Det skal ha vore ein front-mot-front-kollisjon, og bilane skal ikkje vere køyrbare.

Naudetatar vart kalla ut til ulykkesstaden.

Etter at politiet kom fram til staden fekk dei avklart at det ikkje skal vere personskade.

Dei gjennomfører undersøkingar på staden og forholdet vert vidare etterforska av Aurland lensmanskontor. Årsaka til trafikkuhellet er førebels ikkje klart.


Trafikkuhell Hemsedalsfjellet