Hopp til innhold

To berga seg ut av brennande hus

Ingen personar kom til skade då det byrja å brenne i eit bustadhus på Vie i Førde søndag kveld. Ekteparet i 40-åra som budde i huset kom seg ut ved eiga hjelp.

Bustadbrann på Vie i Førde.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Husbrann på Vie i Førde.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Dei to berga seg ut av huset då det byrja å brenne i kjellaren. Det budde ein person i kjellaren, men vedkomande var ikkje heime, opplyser politibetjent Knut Harald Hansen.

Ikkje personskade

Ekteparet vart sjekka av ein lege som kom til staden, men begge slapp frå brannen med skrekken. Politiet fekk melding om brannen klokka 18.01, og både politi, ambulanse og brannvesen rykte ut. 

Brannvesenet fekk etter relativt kort tid kontroll over brannen. Huset har fått ein del skadar i kjellaren og hovudetasjen, opplyser politiet.

Ekstra tankbil

Brannvesenet måtte be om ein ekstra tankbil frå Eikefjord for å sikre  nok vatn, fortel brannsjef i Førde, Bernhard Øberg. Bustadhuset ligg utanfor det området som er dekka av vassverket i Førde.  For ein månad sidan kjøpte brannvesenet i Eikefjord ein 25 år gamal brannbil frå Skjåk. Den rommar 5000 liter, og det skulle visa seg å vera redninga då det brann på Vie i går. Brannvesenet tok likevel ingen sjansar, og rekvirerte ein større tankbil frå Eikefjorden.

Brannen var sløkt klokka 19.15 i går, om lag ein time etter at brannvesenet var varsla.