NRK Meny
Normal

Her var det planlagd asylmottak - no skal dei byggje leilegheiter

Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra har kjøpt Loen Hotel som var planlagd som asylmottak.

Loen Hotell, Richard Grov og Geir Egil Roksvåg

KJØPT OPP: Richard Grov ved Alexandra og Geir Egil Roksvåg ved Nordfjord Kjøt planlegg å lage leilegheiter i det tidlegare hotellet.

Foto: Montasje

Det skriv Fjordingen. Hotelldirektør Richard Grov fortalde om oppkjøpet på det ekstraordinære kommunestyremøtet i dag.

– Vi har eit sterkt behov for å auke talet på bustadar i Loen og difor har vi kjøpt gamle Loen hotel. Det skal vi byggje om til leilegheiter, seier han til NRK.no.

Planlagd at 60 asylsøkjarar skal bu i Loen

Kommunestyremøtet i dag blei halde fordi det politiske miljøet skulle komme med ei uttale til UDI i samband med planane om eit desentralisert asylmottak i Stryn.

Det er Norsk Folkehjelp har søkt om å få opprette asylmottaket kommunen. Det er søkt om eit mottak for 150 bebuarar, med opsjon på ytterlegare 60 plassar. Ved Loen Hotel var det planlagd å plassere om lag 60 asylsøkjarar og i Innvik 95 personar.

Dette har vekt sterke reaksjonar og det har vore folkemøte, lesarbrev og underskriftslister.

Ein handel utan bindingar

Hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra seier folketalet har auka jamt og trutt dei siste år og at bygda har mykje arbeidsinnvandring.

– Den måten desse to bedriftene har utvikla seg på, set også krav til fleire bustadar. Det er difor vi har kjøpt gamle Loen hotel.

– Har de kjøpt hotellet fordi det var planlagd som asylmottak?

– Vi har kjøpt det fordi vi treng fleire bustader til den auken i folketalet vi har sett dei siste åra. Vi har også tru på at auken vil halde fram. Dette er ein rein handel utan bindingar, seier han.

– Kvifor har Nordfjord Kjøtt vore med på handelen?

– Det er fordi vi har same behovet for bustader til våre tilsette, seier han.

Grov vil ikkje seie kor mykje han og Geir Egil Roksvåg ved Nordfjord kjøt har kjøpt hotellet for. Bygget er på 2250 kvadratmeter og hadde 24 doble rom då det var hotell. I tillegg er der ein dei fellesareal.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.