Hopp til innhold

To av tre vil skattlegge turistane i dei mest populære reisemåla

STRYN (NRK): Fleirtalet av befolkninga i dei mest pressa turistområda ønsker ein turistskatt. Men bransjen fryktar det vil slå dårleg ut for reiselivet i distrikta.

Cruiseskip i Flåm

TETTPAKKA: Lokalbefolkninga i populære turistområde ynskjer no at turistar som kjem dit skal betale besøksskatt. Ei slik ordning er ikkje ukjend i andre europeiske land, som Hellas.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har inga tru på eit system der midlar hentast inn og fordelast ut igjen sentralt, seier dagleg leiar for Loen Skylift, Richard Grov.

Ei undersøking frå Innovasjon Norge viser at fleirtalet av befolkninga i dei mest pressa områda ønskjer ein turistskatt, skriv Aftenposten.

– Dette kan fort føre til sentraliserte vedtak, og påverke kor turismen i dag har si verdiskaping, seier Grov.

Richard Grov

BEKYMRA: Richard Grov meiner ein turistskatt kan ha uheldige konsekvensar for verdiskapinga i den norske turistbransjen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Vil unngå ei nasjonal ordning

Heile 65 prosent i pressområda Aurland og Stryn, men også Lofoten, Geiranger og Stavanger seier dei vil ha turistskatt, i ei eller anna form. Innovasjon Norge si undersøking spesifiserer ikkje kva type turistskatt det er snakk om – lokal eller nasjonal.

I Stryn har dei tidlegare somrar fått merke utfordringane i høgsesongen og har gjort grep lokalt, men Stryn-ordførar Per Kjøllesdal (Sp) er skeptisk dersom det blir ei nasjonal ordning.

– Om det vert ei lokalskatt som går til det området han er betalt, så trur eg det kan vere ei tenleg ordning. Om det vert ei nasjonalskatt som går til Oslo og det vert sendt ut delar av han, så er eg meir skeptisk, seier han.

Per Atle Kjøllesdal, ordførar i Stryn

UHELDIG: Ordførar Per Atle Kjøllesdal i Stryn meiner det er uheldig dersom lokalbefolkninga ser på turistane som ei stor belasting. Han meiner turistane er viktig for økonomien.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Han opplever ikkje at turistane skapar store problem i Stryn, men seier situasjonen til dømes i Lodalen har vore til irritasjon.

– Det må me openbert unngå. Om turismen vert ei belastning for lokalbefolkninga, så har me eigentleg tapt. Me er nøydde til å prøve å unngå det, seier ordføraren.

Open for tanken

Ein som ikkje er like skeptisk er dagleg leiar i Fjord Tours, Steinar Aase. Han trur turistskatten kan føre til større økonomisk vinning, dersom han vert forma ut på riktig måte.

– Ein turistskatt helsar eg velkommen, dersom den kan gje ei verdiskaping som er basert på dei premissane me ønskjer, seier han.

Turister ved fotograferer ved Geirangerfjorden

KOSTBART: Det kan for verte dyrare for turistar å få moglegheita til å ta eit slikt sjølvportrett dersom turistskatten vert innført.

Aase, som også helst ynskjer ein lokal variant, meiner i likskap med Kjøllesdal at det er viktig at dei lokale myndigheitene får det dei har krav på.

– Skatten kan godt takast inn sentralt, men då må gevinsten fordelast ut igjen til kommunane den høyrer heime i.