Hopp til innhold

To av tre stasjonar som målte tropenatt er svartelista

Natt til torsdag vart det meldt om tropenatt tre stadar i Noreg, men berre ein av stasjonane er godkjent. Dei to andre står på svartelista til Meteorologisk institutt.

Temperaturmålaren i Svelgen

SVARTELISTA: Meteorologisk institutt meiner målingane i Svelgen ikkje er heilt til å stole på. Grunnen er at stasjonen er plassert nære både asfalt og ein bergvegg.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Sidan det står asfalt under stasjonen så skal me vere forsiktige med å kalle det tropenatt, seier forskar Line Båserud ved Meteorologisk institutt om målestasjonen i Svelgen i Sogn og Fjordane.

Rekordane vert ikkje godkjent

Målestasjonen i Svelgen, som har målt fleire temperaturrekordar i Sogn og Fjordane, var ein av tre stasjonar som natt til torsdag hadde målingar på over 20 grader gjennom heile natta. Dei to andre står i Lysebotn og Stavanger i Rogaland. Båserud seier det berre er stasjonen i Stavanger som tilfredsstiller Meteorologisk institutt sine målekrav.

– Alle tre stasjonane har målt over 20 grader, så det har definitivt vore varmt der. Dessverre står dei på ei svarteliste så me er litt forsiktige med å bruke den, seier ho.

I Noreg er det fleire målestasjonane som står på denne lista. Kort fortalt betyr det at sjølv om det vert målt nye varmerekordar der, vil dei ikkje telje på den offisielle statistikken.

Årsaka til at ein hamner på denne lista er fleire faktorar, blant anna asfalt og fjellveggar i nærleiken som heldt på varmen frå sola. Også bygningar i nærleiken som produserer varme gjev høgare målingar enn det som er reell lufttemperatur.

Det vil seie at dersom det vert målt varmerekord på stasjonar som i Svelgen, så vil dette altså ikkje telje som ein offisiell rekord.

– Alle stasjonane er ikkje nødvendigvis sett opp av same grunn. Nokon er kanskje sett opp for å følgje med på vegane når det er minusgradar også, og for stasjonar som står nær asfalt er det ikkje lurt å bruke det til å sjå på makstemperatur på sommaren, seier Båserud.