Hopp til innhold

To av tre med blodforgifting får ikkje hjelpa dei skal ha

Pasientar med blodforgifting (sepsis) blir nedprioriterte når dei kjem til akuttmottak i Helse Vest, viser rapport.

Akuttmottak Ullevål sykehus mars 2016

FOR LANG VENTETID: Pasientar med blodforgifting (sepsis) må vente lenger enn forsvarleg før dei får antibiotikabehandling på akuttmottat. Mangel på legar, dårleg oversikt og dårleg kommunikasjon, er årsaker til dette.

Foto: Victoria Wilden / NRK

Etter eit landsomfattande tilsyn med behandlinga av blodforgifting (sepsis) på akuttmottak, viser det seg at mindre enn éin tredel av pasientane får behandlinga dei skal ha.

Sepsis-pasientar skal få antibiotikabehandling innan ein time, etter nasjonale retningslinjer, men dei fleste får ikkje dette.

– Det er ikkje slik det skal vere, det veit fagfolka, det veit sjukehusa. Dette har eg grunn til å tru at blir retta no, seier fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson.

21 av 78 pasientar venta meir enn fire timar før dei fekk antibiotikabehandling, og nokre av dei hadde alvorleg sepsis med organsvikt. Dette blir skildra som uforsvarleg behandling.

Helga Arianson

VENTAR BETRING: Fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson, forventar at Helse Vest no betrar rutinene med sepsis-pasientar.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Ventetida er avgjerande

– Sepsis er ein infeksjon som kan vere ein veldig alvorleg og dødeleg sjukdom. Og vi veit at dødelegheita aukar viss det tar lang tid før ein får starta opp med behandling, seier Arianson.

Ventetida er difor den viktigaste indikasjonen på kvaliteten på behandlinga av sepsis.

Årsakene til at det tar for lang tid, er ifølge rapporten, «mangel på erfarne legar i akuttmottaket, uoversiktlege lokale, plassmangel og svikt i kommunikasjonen mellom akuttmottak og sengepost.»

– Det er for få legar, og av og til sjukepleiarar, i akuttmottak og dei har ikkje kapasitet til å ta unna når pasientstraumen er stor nok. Nokre stader klarer dei ikkje å halde oversikt over kva pasientar som er dårlege.

Arianson forklarer at nokre stader tar det for lang tid før sengepostane tar inn pasientar, og då blir dei liggande i akuttmottaka og ta opp plass og kapasitet for andre som kjem inn,

Nedprioritert

Det vart i sommar gjennomført eit landsomfattande tilsyn med behandlinga av sepsis, etter fleire alvorlege episodar der sjukdomen ikkje vart behandla riktig.

Fylkeslegen meiner sepsis ikkje blir prioritert like høgt som andre akutte sjukdomar.

– Sepsis er ein kvardagssjukdom som ikkje har den same raude løparen inn i sjukehuset, som ein del andre sjukdomar har, som til dømes hjerteinfarkt og hjerneslag. Dette er ein tilstand som er viktig å løfte fram.

I Helse Vest var det tilsyn på sjukehus i Haugesund, Stavanger, Bergen og Førde, og sjukehusa har blitt orientert om manglane som er funne.