NRK Meny
Normal

To av fem i redaksjonen kan bli kalla ut

Skjer det noko dramatisk kan redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende sjå langt etter iallfall ein av dei fem journalistane i avisa.

Fjordenes Tidende og Erling Wåge

OPPGITT: Redaktør Erling Wåge er redd han blir ståande ribba att om noko dramatisk skjer.

Foto: NRK/Odd Drabløs, Fjordenes Tidende

For to av fem i redaksjonen er innrullert i Sivilforsvaret. Det betyr at om det skjer ei stor ulukke eller naturkatastrofe så kan dei bli innkalla til teneste i uniform - med teieplikt.

Dette meiner Wåge er ein fortvilande situasjon for ei lita avis.

– Det eine er det reint etiske. Eg synest det er vanskeleg for meg å vite at mine journalistar skal gå i uniform inne i eit kriseområde, og etter ein krisesituasjon vil det vere eit stort problem at dei har teieplikt og at Sivilforsvaret tek kommandoen over mine journalistar.

Treng heller å oppbemanne

Og når det skjer noko dramatisk i nærområdet treng Wåge og Fjordenes Tidende alle sine tilsette sjølv.

– I slike situasjonar har eg behov for å oppbemanne, og då kan eg risikere at eg sit att med berre halve redaksjonen. Her i Vågsøy er det 22 som er innrullert i Sivilforsvaret, to av dei er frå vårt mediehus. Sivilforsvaret er tydeleg ute etter fotografkompetanse.

Då det small i Skatestraumtunnelen i sommar vart også Sivilforsvaret utkalla. På det tidspunktet var ikkje dei to journalistane i Fjordenes Tidende innrulla, og avisa kunne stille mannsterkt og vere på plass kjapt.

– I slike situasjonar er informasjonsbehovet stort, og vi har som lokalavis eit stort ansvar for å kome med rett informasjon, seier Erling Wåge.

– Vil aldri kalle ut to

Han seier han ikkje har møtt særleg stor forståing for problemet hjå Sivilforsvaret. Dette blir imøtegått av distriktssjef Leiv Jarle Bergheim i Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane.

– Eg fortalde Erling Wåge på eit møte at det ikkje vil skje at to av hans journalistar blir kalla inn. Vi vil kanskje ta ut ein av dei, men vi vil aldri ta ut to frå ei lita distriktsavis.

Men Bergheim stadfestar at den som blir utkommandert til Sivilforsvaret blir pålagt teieplikt.

– I ein aksjon der det skjer ting er det berre politiet som kan gje informasjon, og då må avisredaksjonane vende seg til politiet for å få dei opplysingane dei ynskjer.

Vil be om fritak

Arne Jensen, gen.sekr. i Norsk redaktørforening

BER OM FRITAK: Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Foto: Marit Hverven / NRK

Erling Wåge har engasjert Norsk Redaktørforening i saka, og dei vil saman med Norsk Journalistlag ta kontakt med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap for å prøve å få forståing for at dette er vanskeleg for ei avis.

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening meiner journalistar bør fritakast for teneste i Sivilforsvaret.

– Sivilforsvaret er sjølvsagt ein viktig tilleggsressurs ved kriser. Men media og journalistar er også viktige i slike situasjonar. Balansert og uavhengig informasjon er viktig i alle samanhengar, også når det skjer noko ukontrollert som ei krise kan vere, seier Jensen til fagbladet Journalisten.

Vegopning på Bergum i Førde kommune