NRK Meny
Normal

To av brørne sett fri i dag – forsvararen rasar mot påtalemakta

– Dersom frifinninga blir ståande som det endelege utfallet, så er det klart at dette vil få etterspel med tanke på eit erstatningskrav.

Randulf Schumann Hansen og Paul-Inge Angelshaug

VANSKELEG: – Vi har opplevd det så enkelt at vi har banka hovudet i veggen. Det har vore lite gehør for våre synspunkt, seier forsvarar Paul-Inge Angelshaug (t.h.) etter klienten hans no er frifunnen etter 11 månader i varetekt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det seier advokat Paul-Inge Angelshaug etter at klienten hans vart blant frifunnen for å ha medverka til økonomisk utruskap og brannen på Selje Hotel.

No varslar han erstatningskrav på vegner av klienten sin.

– For han har det vore ei stor påkjenning å sitje 11 månader fengsla, samstundes som han har vore klar og tydeleg på at dette er forhold han ikkje kjenner seg att i. Han har hatt ei kjensle av å vere førehandsdømt i omtale og det han har opplevd i prosessen.

– Fullstendig mangel på bevis

I dag kom dommen mot dei tre brørne som stod tiltalt etter brannen på Selje Hotel 25. november i fjor.

Berre hotelldirektøren vart dømd for brannstifting og fekk fem år og seks månader i fengsel. Styreleiaren fekk eitt år. Kjøkkensjefen vart frifunnen.

– Det er tvilsamt når ein ser på at ein har nær 11 månader fengslingsperiode i ei så alvorleg sak, og så kjem det ein så tydeleg og klar dom. Spesielt når det går på det heilt grunnleggande, nemleg ein fullstendig mangel på bevis, seier Angelshaug.

Låste seg fast

Statsadvokat Magne Nyborg.

FÅR KRITIKK: Statsadvokat Magne Nyborg fekk ikkje medhald i Sogn og Fjordane tingrett i at dei tre brørne samarbeidde om brannen og økonomisk utruskap mot Selje Hotel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hotellet sleit tungt økonomisk før brannen og i retten meinte statsadvokat Magne Nyborg at kjøkkensjefen hadde mest å tape på ein konkurs sidan han hadde investert i bustad og ville miste jobben.

Sett i lys av kurdisk kultur, meinte aktor at kjøkkensjefen hadde innflytelse både på brørne og drifta av hotellet.

Retten meiner dette er ein hypotese som påtalemakta i liten grad klarte å underbyggje gjennom den tre veker lange rettssaka.

Retten fann ikkje bevis for at kjøkkensjefen medverka til planlegginga av brannen, forsikringssvindel og økonomisk utruskap.

– Ein har låst seg fast i eit venta resultat og ikkje klart å sjå det opplagde; at ein har ingen som helst bevis for å ta den slutninga som aktor prøvde å få fram i retten, meiner Angelshaug.

Statsadvokat Magne Nyborg svarar dette på kritikken frå Angelshaug.

– Varetektsfengslinga har vore oppe hos både for tingretten og lagmannsretten gjennom heile perioden, utover det har eg ingen kommentar til det, seier Nyborg.

– Så du tar ingen kritikk på det?

Retten har kome til at det har vore grunn til mistanke og fare for øydelegging av bevis. Derfor har han vore varetektsfengsla heile tida, svarar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.