NRK Meny
Normal

To av åtte på teaterhøgskulen er frå Sogn og Fjordane

Mange hundre skodespelarspirer søkte opptak til den prestisjetunge Teatehøgskulen i Oslo, men berre åtte av dei kom igjennom nålauget.

Helene Bergsholm

STORT PRESS: Helene Bergsholm, kjend frå filmen «Få meg på for faen», vedgår at ho ville blitt skuffa om ho ikkje vart teken opp på Teaterhøgskulen.

Foto: Linn Therese Amundsen / NRK

– Eg måtte sjekke oppslagstavla fleire gonger for å vere heilt sikker på at det var mitt namn som stod der. Eg var så nervøs at eg trudde eg såg syner, seier Thea Vaulen.

Saman med veldig mange andre søkte ho på Teaterhøgskulen, som vert rekna for å vere den beste skodespelarutdanninga her i landet. Vegen frå å søkje til å kome inn var ikkje berre enkel.

– Det er ein veldig tung prosess, som tek to veker. Men ein kjenner verkeleg at ein lev då det står på, fortel Vaulen, som opphavleg er frå Solund.

Med seg får ho også Helen Bergsholm ifrå Førde, som også er ein av dei åtte utvalde. Ho er kanskje mest kjend for å spelt i filmen «Få meg på for faen», basert på ei bok av sambygdingen Olaug Nilsen.

Fleire rundar med prøver

Både Vaulen og Bergsholm var igjennom fleire rundar med prøver for dei fekk beskjeden om at dei hadde kome inn, og Bergsholm seier at det kom til eit punkt der ho hadde vore veldig skuffa om ho ikkje kom inn.

– Eg la ekstremt stort press på meg sjølv. Eg hadde ikkje energi til noko anna i den perioden, og har vel aldri pressa meg så hardt nokon gong tidlegare. Når ein då har sett av så mykje tid og krefter følte eg nesten at eg berre måtte kome inn.

Gruar seg litt

No ventar altså tre knallharde år for dei to, og vonleg eit høve til å utvikle seg til å bli endå betre skodespelarar.

– Vi snakka om det, at no gruer vi oss faktisk ein del og, for det vert nok veldig tøft. Vi lyt nok utfordre oss sjølv kvar dag, men det er klart det blir kjekt og, seier Bergsholm.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser