NRK Meny

To ambulansebåtar i to år til

Det vert ambulansebåt i både Askvoll og Solund i to år til. Det seier Børge Tvedt, som er konstituert administrerande direktør i Helse Førde. Det vekte sinne og frykt då helseføretaket i fjor vedtok at det i framtida berre skulle vere ein ambulansebåt - og at den skulle stasjonerast i Solund. Tvedt seier at arbeidet med å få på plass den nye båten tek tid, og at dei difor vil gå vidare med dagens ordning i to år til.

Ambulansebåt Askvoll
Vegopning på Bergum i Førde kommune