Hopp til innhold

TMFK møter Ålesund i cupen

Tornado Måløy møter Aalesund FK på heimebane i andre runde av NM-cupen. Sogndal møter Fyllingen på bortebane.

Tornado Måløy-jubel etter 3-0 mot Herd

VIDARE I CUPEN: Søndag kunne Tornado Måløy juble over siger mot Herd. I neste kamp i cupen møter dei Aalesund FK på heimebane.

Foto: Stig Høynes

Det er klart etter trekninga som vart gjort måndag ettermiddag.

Møter tøff motstand

Tornado Måløy banka søndag 2. divisjonslaget Herd 4-0 på heimebane.

I andre runde får dei langt tøffare motstand når dei møter Kjetil Rekdal sitt eliteserielag Aalesund FK.

Trenar for Tornado Måløy, Geir Ove Refvik legg ikkje skjul på at han er strålande nøgd med trekninga.

- Eg reagerte med skrekkblanda fryd! Dette blir ein folkefest, seier Refvik til NRK.no og legg til:

- Vi hadde håpt på Sogndal, som er eit lag vi kan slå. Men TMFK-trenaren vedgår fort at dette berre var meint som ein spøk.

Klare for folkefest på heimebane

Refvik seier laget gler seg veldig til kampen, og har tru på fleire tusen på tribunene på Måløy stadion.

- Ålesund er kanskje det laget som har størst publikumstekke, så det er ein innertiar i så måte, seier Refvik.

Han vil ikkje røpe heilt korleis lage skal lade opp til kampen som går på heimebane 11. mai.

- Dette er noko alle drøymer om, det blir heilt konge!

Sogndal møter 2. divisjonslag

Også Sogndal tok seg søndag lett vidare til andre runde av cupen etter at dei slo Saga 6-2.

I andre runde møter eliteserielaget Sogndal 3.divisjonslaget Fyllingen frå Bergen. Bergenslaget stod for ei cup-bombe i fjor, men Sogndal-trenar Harald Aabrekk let seg ikkje skremme av den grunn.