Hopp til innhold

Tjuvstarta femte serierunde

Både Kaupanger og Årdal stod før 3. divisjonsoppgjeret med fem poeng.

Fotball illustrasjon.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Heimelaget leia 2-1 til pause, men måtte sjå gjestene frå indre Sogn utlikne både ein og to gonger etter kvilen. Oppgjeret enda til slutt med poengdeling og eitt poeng til kvar.

Slik utvikla kampen seg:

Kampen er i gang.

1-0 13 min. Bjarte Vatlestad

2-0 23 min. Kristian Fardal Opseth (straffe)

2-1 31 min. Preben Strypet

45 min. Årdal har hatt eit par store sjanser etter scoringa si, mellom anna to skot i stanga. Dei første 45 minutta har vore jamspelte.

Andre omgang er i gang.

2-2 53 min. Terje Andreas Jevnaker

3-2 56 min. Bjarte Vatlestad

3-3 73 min. Johann Traustason

90 min. Det er slutt på Kaupanger stadion og det blir poengdeling mellom heimelaget og ein av førehandsfavorittane til å vinne serien, Årdal. Andre omgang starta friskt med store sjansar til begge lag. Etter utlikninga til 3-3 køyrte Årdal på, men utan å få den viktige fjerdescoringa.

Dei resterande kampane av femte serierunde går fredag 16. mai:

Selje - Høyang, kl. 17

Florø - Førde, kl. 18

Sogndal 2 - Fjøra, kl 18.30

Stryn - Eid, kl. 19

Tornado Måløy - Skavøypoll, kl 19