Tjuvkøyrde i Høyanger

To ungdomar i 17-årsalderen er tekne for å ha tjuvkøyrt ein bli i Høyanger to netter på rad. Ungdomane skal ha tjuvkopla bilen med ein skutrekkar.

Etter å ha køyrt rundt i sentrum ei natt, sette dei bilen tilbake på plass. Natta etter skal dei på nytt ha brote seg inn i bilen.

Lennsmann Olav Hellebø i Høyanger seier saka no er oppklart.