Hopp til innhold

Tjuvfiske i Bremanger

Fiskeridikretoratet og kystvakta har avdekka ulovleg fiske etter breiflabb utanfor Bremanger.

I følgje kystvakta vart det i forrige veke funne 634 garn sett av eitt og samme fartøy. Det er 140 garn meir enn det som er lovleg.

-Alvorleg

Gunnvor Lødøen i Fiskeridirektoratet Region Vest seier dei ser alvorleg på tjuvfisket, fordi eit slikt overfiske vil gå hardt utover bestanden av breiflabb.

Fiskeridirektoraret vurderer no straffetiltak mot båteigaren.