NRK Meny
Normal

Tjuveri sette ungdomsrevy i fare

Musikkutstyr for fleire titals tusen kroner vart stole frå samfunnshuset på Skei natt til tysdag. Politiet står utan spor.

Utstyret tilhøyrde Jølstrarevyen, som skulle ha framsyning på Skei tysdag kveld.

- Eg fekk telefon om at det hadde vore innbrot i løpet av natta. Tjuvar hadde teke seg inn til alle revysakene våre, fortel Henriette Sunde, som er sjef for Jølstrarevyen.

Grovt innbrot

Politiet fortel at gjerningspersonen har teke seg inn i samfunnshuset gjennom eit vindauge i ei dør, og stole musikkutstyr og instrument. Det har òg blitt gjort skadeverk. Dette er utstyr til ein verdi av fleire titusenvis av kroner. Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, ser alvorleg på saka.

- Dette er eit grovt innbrot. Det er kjedeleg det som har skjedd, sidan ungdomslaga skal arrangere revy i kveld. Vi kan jo berre spekulere i om det er ein samanheng. 

Ingen spor - treng tips

Politiet er interessert i opplysningar om bilar i området rundt samfunnshuset på Skei etter midnatt natt til tysdag. Det var aktivitet i huset fram til cirka klokka 01.  

- Har polititet spor?

- Vi har ingen klare spor. Men vi jobbar både teknisk og taktisk. Det vart mellom anna sølt brus i ein del av utstyret. Det virkar nesten som dette var gjort med vilje, utan at vi kan seie det heilt sikkert.

Trudde det var ein spøk

 - Vonløysa har vore stor. Ein blir berre heilt mållaus.Dei fleste eg har snakka med har trudd det var ein spøk, seier ein fortvila Sunde.  

- Kva manglar?  

- Ein del av lydanlegget. CD-spelarar, minidiskar, mikrofonar, og den slags. Eg er så oppgitt at eg ikkje har ord.

- Det blir revy likevel

Men i løpet av tysdagen greidde gode krefter å tromme saman nytt utstyr, og revysjef Henriette Sunde kunne forsikre revyhungrige jølstringar om at vart famsyning av "Endane møtest" tysdag kveld.

- Men overskotet på revyen må nok gå til å erstatte det utstyret som er stole og øydelagt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser