Hopp til innhold

Tjuveri og innbrot i bilar

Politiet har fått melding om tjuveri og innbrot i to bilar i Slåttebakkane i Førde i løpet av natt til onsdag. Den eine bilen stod ulåst, medan den andre skal ha vore låst, ifølgje eigar. Mindre ting som lommebok og solbriller er stole. – Ut frå det ein av bileigarane har fanga opp kan det godt vere vi får fleire meldingar om tjuveri eller innbrot i bilar i området. Dersom nokon har sett noko og har tips tek vi gjerne imot, seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor.