Tjuveri i Førde

Politiet har pågripe to personar, mistenkte for å stole ein påhengsmotor i Førde sentrum. Ein meldar seier han såg dei to med tjuvgodset i ei handlevogn. Politiet rykka ut, og både handlevogn og påhengsmotor er funne. Dei to mennene er kjenningar av politiet og blir avhøyrde.