Eit observant vitne såg to utanlandske bilar der det vart lasta varer frå den eine til den andre, fortel lensmann Webjørn Moa i Eid. Vitnet varsla politiet, som i firetida onsdag ettermiddag kunne fakke ein mann.
I bilen til mannen fann politiet kamera, mobiltelefonar, klede og datautstyr for kring 50.000 kroner. Ein berbar PC som vart funnen i bilen, har politiet klart å spore tilbake til ein butikk på Nordfjordeid.
Proffe
Politiet meiner dei no er på sporet av ein proff tjuvbande på i alt fem personar. Mellom anna hadde mannen som no er teken spesiallommer på jakka si, slik at det han la i lomma gjekk vidare ned i eit nett som han hadde festa på kroppen.
Fire personar - tre menn og truleg ei kvinne - er framleis på frifot. Etter det politiet kjenner til køyrer dei ein svart Toyota Celica som sist vart sett i stor fart i retning Hjelledalen i Stryn.