Hopp til innhold

Tjuvar på ferde i Flåm

Tjuvar har vore på ferde i Flåm i natt. Ein motorsykkel er stolen og det har vore innbrot i to bilar.

Frå den eine bilen blei det mellom anna teke ein berbar datamaskin.

Politibetjent i Aurland, Erik Nordal, seier at dei no sikrar spor. Det er førebels ikkje nokon konkret mistanke om kven som kan ha gjort tjuveria.