- Det var eit flott bryllaup, og så skulle det bli avslutta på ein slik måte. 79 år gamle Aslaug Hagen kan nesten ikkje tru at festdagen skulle ende på ein så trist måte.
Alle pengane stolne
Ho kom heim frå bryllaupet til barnebarnet i firetida natt til søndag, og sjåføren var den som først gjekk inn i huset hennar: - Han gjekk opp på loftet. Så kom han ned att og fortalte at safen min var komen ut på gangen. Eg trudde han berre tulla. Men då eg gjekk opp, så såg eg at det var sant, seier Hagen, som måtte konstatere at alle pengane hennar var stolne.
-Sekssifra beløp
Politiet gjekk først ut med at ein sum på 350.000 kroner var stolne. No vil dei ikkje lenger konkretisere summen, men operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier det truleg er snakk om eit seks-sifra beløp.
Ingen konkrete mistenkte
Førebels har politiet ingen konkrete mistenkte, og dei vil ikkje fortelje kva spor dei sit med så langt.
Trudde godt om folk
Aslaug Hagen håpar tjuvane snarast blir tekne. Ho seier at ho fekk store problem med å sove natt til søndag. - Eg har aldri vore utsett for tjuveri tidlegare, og ikkje har eg stole sjølv heller. Difor trur eg så godt om folk, seier ho.