Hopp til innhold

Tjuvane stakk av med alle smykkene

I løpet av natt til måndag er det stole gullsmedvarer og klokker frå forretninga Alf Helgheim AS på Skei i Jølster.

For andre gong på fem år opplevde forretninga Alf Helgheim AS i Jølster innbrot.

SJÅ VIDEO: Tjuvane raska med seg det meste av både gullvarer under innbrotet natt til måndag. (Foto: Johan Moen/Redigering: Heidi Lise Bakke)

Eigar Reidar Helgheim fortel at tjuvane har teke med seg nesten alt dei hadde av gullvarer og diamantvarer.

– Eg veit ikkje enno kor store verdiar det dreier seg om, men det er ein god del, for dei har fått med seg mange dyre smykke. Dei dyraste kostar 15-20.000 kroner.

I tillegg er det teke ein del klokker, men ifylgje Helgheim ikkje dei såmange av dei mest verdfulle ura.

– Og heldigvis har dei ikkje brydd seg med kamera og fotoutstyr, det er bra for oss i julehandelen at vi ikkje har gått lens for kamera og klokker. Men det er sjølvsagt trist å oppleve noko slikt.

(Artikkelen held fram under videoen)

For andre gong på fem år opplevde forretninga Alf Helgheim AS i Jølster innbrot.

SJÅ VIDEO: Innehavar Reidar Helgheim fortvilar etter innbrotet. (Foto: Johan Moen/Redigering: Heidi Lise Bakke)

Alarmen gjekk 03.50

Helgheim fortel at naboar høyrde alarmen gjekk klokka 3.50 i natt, men av ein eller annan grunn vart ikkje han sjølv varsla. Han oppdaga innbrotet då han kom på jobb klokka ni.

– Dei har kome seg inn døra ved å ta vekk nokre beslag.

Tjuvane har og øydelagt nokre diskar i forretninga.

Politiet ynskjer tips frå publikum på tlf 02800.

Innbrot også i 2007

Den 21. mars 2007 var det og innbrot i forretninga. Då var det kamera tjuvane gjekk etter. Det innbrotet er ikkje oppklart.

Reidar Helgheim

INNBROT I 2007: Reidar Helgheim inspiserer tomme hyller.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK