NRK Meny
Normal

Tjuvane prøvde seg på safen, men fekk ikkje napp

Tjuvane som i natt braut seg inn på Biltema i Førde, gjekk gjennom heile bygget på jakt etter pengar. Men safen klarte dei korkje å opne eller få med seg.

Created by InfoDispatcher

– Det er klart ein blir prega av slikt. Du blir ganske skjelven. Eg har heldigvis vore borti dette i ein annan jobb. Men dei tilsette har reagert med sjokk, og tykkjer det heile er litt ekkelt, seier varehussjef ved Biltema i Førde, Sissel Flåm.

Ho fekk melding like før klokka 02.00 om at alarmen gjekk i varehuset i Førde. Saman med ein kollega drog ho til staden.

– Då vi kom hit, vart det raskt klart at det hadde vore eit innbrot, seier Flåm.

Har øydelagt mange dører

Dei ubedne gjestane tok seg inn i bygget ved å knuse og fjerne ei glasrute på den sida av bygget som vender mot Førde sentralsjukehus.

– Ein kollega av meg gjekk inn i bygget, der han såg at fleire dører inne var brotne opp. Då ringde vi politiet med ein gong, seier Flåm.

Innbrotstjuvane har gjort ein del materiell skade på bygget innvendig.

– I tillegg til vindauget, som er øydelagt, så har dei øydelagt mange dører og dørkarmar. Dei har brukt brekkjarn for å bryte opp dørene, og dermed er skadane ganske store, seier Flåm.

Men trass i at tjuvane har komme seg inn i bygget, både i butikkdelen og kontordelen, så har dei ikkje lukkast i å få med seg noko i raidet.

– Så vidt vi kan sjå, ser det ikkje ut til at noko er stole, seier Flåm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbrot Biltema

TOK UT RUTE: Tjuvane smadra og fjerna ei rute i Biltema-bygget. Slik kom dei seg inn i bygningen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Leitte etter safen

Det verkar som om innbrotstjuvane primært har vore på jakt etter pengar, då dei ikkje har rørt andre varer.

– Dei har forsøkt å bryte seg inn i ein kasse under kasseapparatet, men der var det ikkje pengar, seier Flåm.

Tjuvane har deretter gått gjennom bygget på jakt etter ein pengesafe.

– Men den har dei korkje klart å opne eller få med seg. Det er jo ein heller tung sak, seier Flåm.

Biltema var i føremiddag stengt på grunn av innbrotet, men Flåm håpar butikken kan opne om kort tid.

– Det er absolutt verste dagen dette kunne skje på. Fredag er beste dagen vi har. Men etter litt opprydding, trur eg vi skal vere klare til å opne ganske snart, seier Flåm.

Etterlyser SUV-liknande BMW

I løpet at natta har det også vore innbrot på Coop-butikken på Vassenden. Her braut tjuvane opp ei dør for å komme seg inn. Heller ikkje her ser det ut til at tjuvane har fått med seg noko av verdi.

Politiet er klare på at dei ser sakene i samanheng, ikkje minst på grunn av observasjonar av ein bil begge stadar.

– Vi har fått opplysingar om at det var to gjerningsmenn inne i lokala. Slik det ser ut no har dei ikkje fått noko med seg. Alarmsystemet har fungert, og tilsette har komme til, og det førte til at gjerningsmennene måtte rømme, seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Politiet vil gjerne komme i kontakt med folk som har observert ein SUV-liknande BMW i natt.

– Bilen skal vere observert både på Vassenden og i Førde. Fargen er vi litt usikre på, seier Faleide.

Han ber folk ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800 dersom dei har opplysingar som kan vere av nytte for politiet.