NRK Meny
Normal

Tjuvane gøymde seg truleg på senteret

Politiet trur tjuvane som natt til måndag stakk av med store verdiar frå Telenor-butikken i Førde gøymde seg inne på handelssenteret etter stengetid.

Stengt butikk etter innbrot i Førde.

INNBROT: Telenor-butikken hadde måndag morgon ubedne gjester på besøk. Politiet seier at dei ynskjer tips frå publikum.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Både ein daglegvarebutikk og ein bingo har søndagsope. Dette kan tjuvane ha utnytta. Utvendig er det ikkje noko som tyder på at tjuvane har teke seg inn.

Natt til måndag stal dei varer for over 100.000 kroner frå Telenor-butikken . Politiet ynskjer tips om både bilar og personar som kan setjast i samanheng med innbrotet.

– Vi ser det som truleg at tjuvane gøymde seg inne på eit område bak butikken etter stengetid. Truleg i ein gang eller kjellar, seier lensmann Jan Egil Tvinde til NRK.no.

Framleis opprydding

Tjuvane har teke seg inn i eit rom ved sidan av butikken, og derifrå slått seg gjennom veggen til Telenor-butikken. Dagleg leiar Bård Inderøy seier han har nytta siste dagane til å få butikken opp å gå att.

Han seier tjuvane fekk med seg det meste av mobiltelefonar og nettbrett.

– Det er gjort ein del skade og det er framleis mykje opprydding att. Truleg er vi ikkje fullt oppe å gå att før om ei veke, men vi håpar å ha dei første nettbretta og mobiltelefonane tilbake på lager i dag, seier Inderøy.

Ynskjer tips

Jan Egil Tvinde

SPOR: Politiet står ikkje heilt på bar bakke etter innbrotet. – Vi har sikra spor, men ynskjer fleire tips frå publikum, seier lensmann Jan Egil Tvinde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Lensmann Tvinde seier dei har sikra seg spor på staden og at dei samarbeider med både Kripos og andre politidistrikt. Politiet meiner det er mobile vinningskriminelle som står bak innbrotet.

– Men vi kunne godt tenkt oss fleire tips i saka sjølv om eg forstår at det kan vere vanskeleg sidan vi ikkje har gått ut med konkrete etterlysing, seier han.

– Er det konkrete innbrot de ser dette i samanheng med?

– Ut frå dei opplysningane vi set inne med no, så kan vi ikkje seie noko sikkert. Men vi kjenner til at det har vore innbrot både nord og sør for oss i seinare tid.

Vegopning på Bergum i Førde kommune