Hopp til innhold

Overvakingskamera avslørte tjuven

Ein mann i 20-åra er sett i arresten og skal avhøyrast etter eit innbrot i Florø i natt.

Vaktselskapet kom raskt til daglegvarebutikken då alarmen gjekk i 0030-tida i natt. Mannen vart pågripen to timar seinare, og bilete frå butikken sitt overvakingssystemt viste at gjerningsmannen stemde godt overeins med den pågripne.

Gjerningsmannen knuste ei rute i inngangsdøra. Førebels er det ikkje full oversikt over kva som er stole, men politiet opplyser at det skal vere stole noko øl.

Truleg har mannen fått konsumert ein del av tjuvegodset. Han var rusa då han vart pågripen.