Hopp til innhold

Tjukke trosser hjalp ikkje då Tor kom til Florø

Båten «Seven Falcon» sleit seg fredag kveld i fortøyingane i Florø. Åtte tjukke trosser var ikkje nok då ekstremvêret Tor synte krefter fredag kveld.

Båt sleit åtte trosser

ÅTTE TROSSER VAR IKKJE NOK: Fredag kveld sleit «Seven Falcon» seg frå fortøyningane.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– No i kveld så hadde vi vind på mellom 44 sekundmeter og opp i over 50. Kombinasjonen av mykje vind og storleiken på båten gjorde at trossene byrja å ryke, seier Ronny Kjerpeseth som er agent for båten.

Den 120 meter lange «Seven Falcon» med 108 personar om bord jobbar på eit prosjekt på Gullfaks, men hadde søkt rolegare farvatn i Florø i samband med ekstremvêret Tor. Båten var fortøydd ved Fugleskjærskaia midt i Florø. Båten var fortøydd med åtte tjukke trosser, men det var langt frå nok når «ekstrem Tor» synte krefter.

– Sjølv om båten sette på trusterane, så rauk alle åtte trosser i løpet av kort tid, seier Kjerpeseth

Båten «Seven Falcon» sleit seg i går kveld i fortøyingane i Florø. Åtte tjukke trosser var ikkje nok då ekstremvêret Tor synte krefter fredag kveld.

Foto: Truls Kleiven

– Kva tenker ein når ein ser åtte trosser ryke på den måten?

– Folkeleg sagt så tenker ein vel å fytti katta. Men så er det berre å kople inn actionmodusen å gjere det ein må gjere.

– Har du opplevd noko liknande?

Ronny Kjerpseth

ALDRI OPPLEVD MAKEN: Ronny Kjerpeseth er agent for «Seven Falcon».

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har hatt ruskevêr i Florø før, men i kveld var det i overkant tøft og vi har vel ikkje hatt tilsvarande situasjonar før der alle trosser ryk.

Verken båt eller mannskap fekk skadar i samband med hendinga, men kapteinen har valt å ligge på vêret i natt utanfor kaien.

– Det er ei avgjerd eg støttar han fullt ut i. No ventar vi til det har roa seg og det lysnar av Dag laurdag, før vi tar den inn til kai igjen, seier Kjerpeseth.