NRK Meny
Normal

Tiril (17) takkar bilbelte for at venninna er i live

Venninnene Tiril Korneliussen og Camilla Vågen Sivertsen var på veg heim til Florø då bilen dei sat på med kolliderte. No takkar Tiril høgare makter og bilbelte for at dei kom frå kollisjonen utan alvorlege skader.

Tiril Korneliussen

TAKKAR BILBELTET: Tiril Korneliussen frå Florø kom frå den dramatiske ulukka utan alvorlege skader.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Eg skal vere den som har brannsløkkingsapparat i bilen, seier 17-åringen som var involvert i ulukke med ein fastklemd person der bilen byrja å brenne.

Dei tre ungdommane, Tiril, Camilla og Sindre, var på veg heim til Florø laurdag føremiddag og hadde akkurat passert gjennom Naustdalstunnelen då ulukka skjedde. Gjennom ein sving kom ein bil der vatnet spruta bak.

– Vi forstod med ein gong at dette gjekk gale. Bilen small inn i autovernet. Bilen vår bremsa ned, men så krasja bilen inn i vår bil, seier Tiril Korneliussen.

Har skrive blogg om ulukka

17-åringen har skrive blogginnlegg om ulukka som har sett store spor. For ungdommane konstaterte at den motgåande bilen hadde fått vassplaning. Alt skjedde svært fort.

– Det første vi gjorde var å sjekke kvarandre, om vi var uskadde. Så prøvde vi å komme oss ut av bilen. Dei to andre dørene var opne, men mi dør var fast fordi bilen hadde treft inn i sida, fortel Korneliussen.

Vel ute av bilen fekk ho og vennane eit nytt sjokk.

– Då fekk vi sjå bilen. Det var eit sjokk som eg ikkje unner nokon. Bilen var heilt øydelagt. Camilla var den første som reagerte med å springe bort til mannen som sat inneklemt i bilen. Ho bad han puste roleg.

Tiril og

OVERLEVDE: Camilla Vågen Sivertsen og Tiril Korneliussen sat på med Sindre Sørli Molvik, då bilen som kom i mot dei mista kontrollen.

Foto: NRK / privat

Leita etter brannsløkkingsapparat

Etter kvart kom det fleire folk som hjelpte ungdommane på staden, blant anna med å sette opp varseltrekant.

– Så begynte vi å leite etter brannsløkkingsapparat då vi forstod at den andre bilen kom til å byrje å brenne fordi det rauk sånn. Det var det ingen som hadde og vi fekk jo rett og slett angst, fortel 17-åringen oppgitt.

– Så var det heldigvis nokon som kom på at det rann ei elv like ved så vi kunne fylle ting å sløkkje med. Min tanke var berre kva skulle vi gjort dersom elva ikkje hadde vore der, seier Korneliussen.

Bilen tok fyr, men innsatsen til alle på staden gjorde at brannen vart sløkt raskt, og dei fekk frigjort sjåføren frå den andre bilen, og lagt han i stabilt sideleie medan dei venta på ambulansen. Alle dei involverte i ulukka vart frakta til sjukehus i Førde.

Oppdaga skadane etter kvart

– Venninna mi, Camilla, sa raskt at ho hadde vondt i brystet, men ho trudde det var av setebeltet. Eg hadde vondt i knea så eg vart lagt på båre, seier Korneliussen.

Ho vart raskt undersøkt på sjukehuset og deretter utskriven. Venninna måtte vere lenger.

– Det viste seg at ho hadde fått brest i eit brystbein, og fått ujamn hjarterytme.

Korneliussen seier ulukka har sett preg på henne og bilkøyring. No oppmodar ho alle om å bruke bilbelte.

– Hadde ikkje Camilla brukt trepunkts bilbelte veit eg ikkje korleis dette hadde gått. Og eg SKAL vere den som har med seg brannsløkkingsapparat. Bilbelte redda oss. Alle eg snakkar med seier vi har hatt englevakt.

Tenkjer du det sjølv og?

– Ja, det gjer eg, seier 17-åringen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå