NRK Meny
Normal

Slik sår du planter til våren

Gartnar Kirsti Rognaldsen viser deg knepa som gjer deg budd til hagesesongen.

Kirsti Rognaldsen viser korleis du kan så dine eigne potteplanter.

HAGETID: Kirsti Rognaldsen viser korleis du kan så heime, slik at du har alt klart til det er tid for å plante i hagen.

Dei fleste stader i fylket er det enno for tidleg å så utandørs. Difor er april eit perfekt tidspunkt for å så inne.

I videoen øvst i saka viser gartnar Kirsti Rognaldsen frå Florø korleis du sjølv kan gjere dette heime.

Dei viktigaste tipsa er lista opp i faktaboksen til høgre.

Gøy for heile familien

Å så frø er ein perfekt aktivitet for ungar og vaksne å gjere saman. Men det kan vere greitt å gjere eit par justeringar.

– Bruk store frø som gjerne spirer raskt. Ungar blir fort utolmodige, dei skjøner ikkje at det kan ta fjorten dagar før noko spirer. Det skal helst skje noko ein dag eller maks eit par dagar etter, seier ho.

Generelt rår ho alle som er nye i faget om å byrje i det små og heller utvide etter kvart.

– Sukkererter, reddik, ringblomar eller blomkarse, det er slikt som dei fleste kan få til og som ungar tykkjer er artig både å så og å ete.

Ein anna godt tips for nybyrjarar er krydderplanter. Du kan så dei inne og ete dei kort etter, du slepp å vente til hausten. Til sist kanskje det heitaste tipset:

– Blomkarse er så lett å få til at folk nesten må grine på nasen, men det er ei super plante. Så mykje, gjerne på store flater og gjødsle godt. Den blir stor og kraftig, dekker ugraset, kveler det slik at du aldri ser det att. Heilt supert, seier Rognaldsen.

Blomkarse i berget

GODT TIPS: Blomkarse er frisk i fargen, lett å få til, trivst overalt og ein god ven i kampen mot ugraset.

Foto: Sigrid Haavik

Klimaet avgjer

Det er store klimatiske variasjonar i fylket vårt. Trikset er å finne sortar som passar til den staden du er. Rognaldsen rår folk som er usikre om å høyre med fagfolk i hagesentera rundt om, lese sjølv på nettet, eller rett og slett berre kikke over gjerdet til naboen.

I tillegg må du vere budd på å prøve og feile ein del på eiga hand.

Sjølv i ein enkelt hage kan det variere stort kvar dei ulike plantene trivst. Faktorar som vindretning, jordsmonn og korleis sola treff, har alle stor innverknad.

– Til dømes kan dei aller fleste plante druer, dersom ein finn den rette plassen, gjerne inne i ein krok på sørsida av huset. Men vi vil jo alle sitte der sjølv, så det blir fort kamp om kven som skal vere der, vindrua eller vi, seier Rognaldsen.

Inst i ein fjord er det færre vaksedøgn enn ute ved kysten. Det er også færre vaksedøgn i fjellet, enn nede ved fjorden.

– Her i fylket er det størst variasjon i temperaturen. Ved kysten er det milde vintrar og kalde somrar, medan lengre inn i fylket er det omvendt. Dei varme somrane må du utnytte til å dyrke meir varmekjære ting, enn me kan her ute ved kysten, seier Rognaldsen.

Løk er eit godt eksempel på ein sort som treng mykje varme.

– Løk er sjeldan vellykka her ute ved kysten fordi somrane er for kalde. Her må du nesten ha den i ei krukke, slik at sjølve krukka blir varma opp av sola og så må du gjerne sette krukka inn til eit hus. Lengre inn i fylket, ned mot fjorden, der kan du dyrke løk på varme stader som er litt i ly for vind.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Kirsti Rognaldsen viser korleis du kan plante i hagen.

PLANTETIPS: Etter kvart kjem det tid for å plante ut det du har sådd. Veit du korleis, er det unnagjort på to-tre minutt.

Mikroklima i hagen

Ein av Rognaldsen sine kjepphestar er å spele på kontrastar når du plantar i bedd.

– Då må ikkje berre tenke på kva plantar som er dine favorittar, seier ho.

Det første mange vil tenke på er kontrastar i farge. Men det kan og vere kontrastar mellom stort og smått, spisse og runde former og i forma på blada.

– Då kan fargane vere like og du vil likevel få fram kontrastar. Plantar du to like ting ved sidan av kvarandre, har dei ein tendens til å forsvinne. Så fort du får inn ein kontrast, kjem kvar enkelt plante meir til sin rett, seier Rognaldsen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå