Hopp til innhold

Tippar Sogndal på jumboplass

VG-sporten har starta rangeringa si av korleis avisa trur det vil gå i eliteserien i fotball i 2012.

Kenneth Udjus

NEDRYKKSDØMD: VG trur mange ballar kjem til å rulle forbi Kenneth Udjus i år.

Foto: Andersen, Aleksander / SCANPIX

Og det kjem kanskje ikkje som ei bombe: VG-lupen startar som vanleg med jumboplassen, og der er Sogndal plassert. Journalist Knut Espen Svegaarden trur sogndølene berre greier å karre til seg 17 poeng.

VG-lupen med Sogndal på sisteplass

SISTEPLASS: VG-lupen 8. mars 2012.

«For dårlig lag»

Svegaarden skriv at Sogndal rett og slett har for dårleg lag. Tapet av mange spelarar som i fjor gjorde det ekstremt vanskeleg å spele mot og ikkje minst score mål mot Sogndal blir avgjerande, meiner han.

Då hjelper det lite at trenar Jonas Olsson siktar litt høgare og vil spele meir offensivt, meiner avisa.

«Alle er fornøyde - kanskje litt for fornøyde», skriv VG. Det at leiinga i klubben aksepterer at det kan bli ein del nedrykk gjer at Sogndal slit med å etablere seg som eliteserielag, meiner avisa.

Men no er det ikkje første gongen at Oslo-avisene tippar Sogndal nord og ned. I fjor vart tipsa gjort til skamme.

LES OGSÅ: «Mini» trygg på at Sogndal rykkjer ned og at Molde ikkje vinn seriegull

Kva trur du?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jonas Olsson

MOTIVERANDE: Jonas Olsson synest det er greit at avisene tippar nedrykk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Nedrykkstipsa motiverer

Også Nettavisen tippar Sogndal på 16. og sisteplass. Trenar Jonas Olsson meiner det er heilt OK at avisene ikkje har tru på dei.

– Vi håpar at vi skal overraske ekspertane. Det er ingen som trur at vi skal spele tippeligafotball i 2013, det ser eg på som ein motivasjon, seier han til Nettavisen.

Det er mange som har merka seg 0-8-tapet mot Sandnes Ulf, men Olsson meiner at akkurat den kampen ikkje fortel så mykje om kvar laget står føre seriestarten.

– Vi spela med eit veldig ungt lag som hadde møtt Start berre eit par dagar før. Det var mange tunge bein som gjorde så godt dei kunne. Vi har tidlegare i vinter vist at vi kan prestere på eit høgare nivå, mellom anna mot Molde (0-0) og i ein tidlegare kamp mot Sandnes-Ulf (4-3).

LES OGSÅ: Sogndal vart knust av Sandnes Ulf

LES OGSÅ: Sogndalskaptein forbanna etter tap