Hopp til innhold

Tippar elva tidlegast kan opna om 5-6 år

Fylkesmannen vil opna for fiske i Lærdalselva. Det vil ikkje grunneigarlaget.

Lærdalselvi
Foto: Lærdal elveeigarlag

- Me tykkjer det er så lite laks att i elva no, at me ikkje vil ta opp siste lærdalslaksen. Og me vil ha ei lita laksestamme att i elva, seier formann i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

- Dårleg marknadsføring

24 oktober 1996 vart det for første gong oppdaga gyrosmitte i Lærdalselvi. I 1997 vart elva behandla med rotenon for første gong utan at dette gav resultat.
Seinare aluminiumsbehandlingar har gjeve resultat, og på dei to siste prøvene er det ikkje påvist laksedreparen gyrodactulus salaris. No vil Fylkesmannen opne for fiske, men det vil ikke grunneigarlaget.

- Det er ikkje noko å fiska etter. Å opna for fiske no, vil vera dårleg marknadsføring ettersom elva nesten er tom for fisk, seier Sælthun.

73 laks i heile elva

I fjor vart det berre registrert 73 laks under lakseteljinga på hausten, trass i at det ikkje vart fiska på sommaren. Det viktigaste vert dermed å unngå utrydding, meiner Sælthun.

- Eg må få skyta til at me har genbankar i Eidfjord og Haukvik, så bestanden er for så vidt sikra, men ting kan skje der. Så difor vil me ha ei lita stamme att i Lærdalselva for å føra slekta viare.

- Kva vert gjort vidare no?

- Må håpar på å få ei fullskalabehandling med aluminium neste år. No er gyroen på eit lågmål, så då håpar me ei fullskalabehandling vil føra til heilt gyrofri elv.

- Oddekalv fekk rett

- Kan ein då opna for fiske neste år om det vert behandling?

Aksjon Lærdalselva

Kurt Oddekalv aksjonerte mot rotenonbehandling i Lærdalselvi i 1997.

Foto: Per Svein Reed/Scan-Foto, Reed, Per Svein

- Fyrst må me vera noko lunde sikre på at gyroen er vekke. Så må me byrja eit gjenoppbyggingsarbeid av elva. Så at det vil gå 5-6 år før me får noko ordinært fiske.

- Kurt Oddekalv var sterk motstandar av rotenonbehandlinga i si tid. Kan me no seia at han fekk rett?

- Ja, han meinte jo behandlinga ikkje ville lukkast, og det gjorde den jo ikkje, så han fekk jo rett.

- Er det optimistar for ei gyrofri elv?

- Ja, det må me vera