Hopp til innhold

Ting-kjeda er konkurs

78 tilsette mister jobben. Konkurransen frå netthandel og høge kostnader får skulda for konkursen i interiørkjeda Ting.

Butikken Ting i Førde

PROBLEM: Det hjelpte ikkje med ekstraordinære tiltak for å berge drifta til Ting-kjeda.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Det er beklageleg å melde at vi ikkje har lukkast å finne ei løysing for selskapet som sikrar vidare drift, skriv styreleiar og eigar Audun Viken i ei melding til E24.

Avisa Fædrelandsvennen omtalte saka først.

Problema til Ting-kjeda føyer seg inn i rekka av butikkjedar som slit økonomisk for tida, og som oppgir same årsaker til problema sine.

Barnebarn av Audhild Viken

Kjeda har til saman ti interiørbutikkar over heile landet og hovudkontor i Bergen. Kjeda vart starta for 20 år sidan av Audun Viken og broren Harald Viken. Dei er barnebarn av Audhild Viken som i si tid starta Audhild Vikens Vevstove i Jølster, som er ein av landets store suvenirbutikkar.

Til Bergens Tidende seier Viken dette:

– Det krev store investeringar for å kompensere mot auka netthandel, skriv Viken til avisa.

Veksande underskot

Viken fortel at det har vore jobba intenst dei siste månadene for å finne løysingar som kunne sikre vidare drift, og det vart sett i verk fleire tiltak for å snu den vanskelege situasjonen.

Nøkkeltala til kjeda syner ein kraftig nedgang i inntektene siste åra. I 2016 gjekk selskapet med underskot på 392.000 kroner, medan det vaks til 2,3 millionar kroner før dei raude tala enda på 10,5 millionar kroner i 2018.