Hopp til innhold

Tinfos vil byggje småkraftverk

Kraftgiganten Tinfos kastar seg inn i småkraftmarknaden for fullt. Telemarks-selskapet vil byggje småkraftverk for ein milliard kroner på Vestlandet.

- Mykje av dei investeringane vil skje i Sogn og Fjordane, seier direktør Tor Syverud. Han reknar med at om lag ein tredel av dei samla investeringane, mellom 250 og 350 millionar kroner, blir brukt i Sogn og Fjordane.

Grunneigar einaste samarbeidspartner

Og Tinfos er ikkje den einaste kapitalsterke aktøren som vil legge små elvestrekningar i fylket i røyr. Tidlegare har selskapet Småkraft vore inne i ei rekkje prosjekt, i tillegg til at lokale kraftselskap også er aktive. Modellen dei jobbar etter er stort sett den same: Lokale grunneigarar stiller med sine fallrettar, selskapa har kapitalen som trengst for å byggje eit kraftverk.

- Så vi har ikkje behov for andre samarbeidspartnerar enn grunneigaren, og vi har ein modell der vi byggjer kraftverk som vi eig ilag med grunneigaren, seier Syverud.

- Snart ikkje fossar som renn fritt

Men langt frå alle jublar for entreen til storkapitalen. Talsmann for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Erik Solheim, er redd for at dette aukar presset på dei små elvestrekningane i fylket.

- Det er klart at di fleire kapitalsterke selskap som kastar seg over fossane, di fleire søknader, og eg er redd fleire utbyggingar, vi har inga samla vurdering som kan halde igjen. I mange kommunar og større område ser vi at det snart ikkje er att fossar som renn fritt. Dette er eit alvorleg åtak på vestlandsnaturen.

Sogn og Fjordane er forlokkande

Men Solheim kan få ein hard kamp med å stå imot. For Tinfos og andre er Sogn og Fjordane rett og slett forlokkande.

-  Heile Sogn og Fjordane er veldig  flott sett frå synssstaden til ein kraftutbyggar. Her er det vått og bratt. Vi har base på Notodden, og der er det dessverre solrikt, tørt og nokså flatt, seier Tor Syverud i Tinfos.