Hopp til innhold

Tine-avtale sikrar arbeidsplassar i landets største bringebærkommune

VIK (NRK): Tine skal kjøpa minst 175 tonn bringebær frå Vik kvart år. Det sikrar viktige meieriarbeidsplassar og trygge leveransar for 30 bærbønder i Vik .

Øydis Kristine Flateby

MEIERIET ER MOTTAK: Tine skal kjøpa bringebær frå Vik til 5–6 millionar kroner i året. Bæra skal dei bruka til jus, most og dessertsaus, fortel styrar Øydis K. Flateby ved Vik meieri. Jusen i bakgrunnen skal snart til tapping i Bergen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Tine har inngått ein langsiktig avtale med bøndene i Vik som sikrar at Vik meieri skal ta i mot bringebær også dei neste åra. Det er veldig bra for oss, seier meieristyrar Øydis Kristine Flateby.

Jus med bringebær frå Vik

NY JUS FRÅ VIK: Til hausten skal bærdyrkarane og meieriet i Vik også levera bringebæra til denne eple- og bringebærmosten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I bringebærmottaket i meieriet er alt klart til storinnrykk: Om få dagar står bærbøndene i sognekommunen klare til å levera kilo på kilo med raude, saftige bringebær.

Og ved inngangen til sesongen har bærdyrkarane forhandla fram ein viktig millionavtale med Tine. Det store samvirkeselskapet og det lokale bærmottaket Vangsnes Grønt er blitt samde om følgjande:

  • Tine skal kjøpa 175 tonn bringebær frå Vik kvart år dei neste tre åra.
  • Tine har forkjøpsrett på å kjøpa ytterlegare 25 tonn.
  • Legg me til grunn ein kilopris på 32 kroner, har avtalen ein årleg verdi på mellom 5,6 og 6,4 millionar kroner.

Stor bringebærkommune

– Det er kjempeviktig for oss å tryggja samarbeidet med ein solid og seriøs aktør, som verkeleg tek oss på alvor. Tine møter oss, besøkjer hagane våre, og er opptekne av kvalitet, slik me òg er, seier styrenestleiar i Vangsnes Grønt, Åslaug Stadheim Ese, som har vore med på å forhandla fram avtalen.

Åslaug Stadheim Ese

MÅ KJENNA BESØKELSESTIDA: – At Tine vil bruka bringebær frå Vik i jus, most og saus er kjempepositivt. Tine er òg interessert i nye produkt med lokale råvarer, så er det store moglegheiter, seier bærbonde Åslaug Stadheim Ese. (Arkivfoto)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vik er ein dei største bringebærkommunane i landet, og cirka 30 bønder kjem til å levera bæra sine til Vik meieri og Tine denne sesongen.

Meieriet i Sogn som er landskjent for gamalosten sin, har dei siste åra også blitt eit bringebærmeieri. Det passar som hand i hanske:

– Me lagar gamalost frå seinhaustes til mai medan bringebærsesongen er om sommaren og tidleg haust. Dette er perfekt for oss, seier Flateby.

Bær til jus, most og saus

Vik meieri kjempar i ein hard marknad. Daglegvarebransjen stiller strenge krav både til lønsemd og kvalitet. Men meieriet i Vik har lenge levert bringebær til éin av Tine sine jusar, og til éin av dessertsausane deira. Til hausten skal meieriet òg levera bær til ein toliters eple- og bringebærmost.

Flateby gler seg over at éinliters pære- og bringebærjusen sel godt:

– Veksten har vore på nesten 60 prosent hittil i år samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Ein av grunnane er at Rema, éi av dei tre store daglegvarekjedene i landet, har teke jusen inn i kjølediskane sine.

Kacper Czwartacki

SNART MOGNE BÆR: Kacper Czwartacki er ein av mange bringebærplukkarar som kjem til Vik kvar sommar. (Arkivfoto)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Løfta næringa

Bærbøndene i Vik har i ei årrekkje levert bringebær til Tine. At samarbeidet blir utvida og forlenga, løfter heile bærnæringa i kommunen, seier Stadheim Ese i Vangsnes Grønt:

– Det er krevjande å marknadsføra og distribuera nye produkt. Men med ein stor aktør som Tine er alt dette på plass. I tillegg bidreg dei til kvalitetstenking i heile næringskjelda, frå plukking til ferdig produkt.

For Vik meieri tryggjer bringebærkontrakten dei 11 årsverka. Og kanskje er dette berre starten, seier Flateby:

– Me kan til dømes tenkja oss at me kunne laga ein bringebærsyltetøy til yoghurt. Her er mange moglegheiter.